• Galleri Gathe

Installasjon om installasjon

Av: Lilly Vinje

Publisert:

Utgave: 4/2006

Del: 

Den stilfulle installasjonen som aleine utgjer denne utstillinga består av dorullar, bleier og hundeposar i støypt aluminium, plassert på ein pall, ei lang kasse og på golvet. Bleiene minner om keramikkfat, og dorullane og hundeposane framstår som dorullar og hundeposar.

Motivet tek for seg det evigkjedelege spørsmålet korleis skilja liv frå kunst. Har kunstnar Thomas Knarvik vorte hjernevaska av filosof Lars Fr. H. Svendsen? Dei to har iallfall samarbeida om utstillinga, under pseudonymet Händler K. Verket høver godt til lokalet, truleg for godt viss føremålet er å diskutera kva som vert inkorporert i ein kunstgallerikontekst, eller passe godt jamført at institusjonskritikk bør skje innan institusjonen. Men her arbeider ingen mot kvarandre. Kunst og galleri tar brodden av kvarandre.
Utstillingstittelen speler på læra om skit, men ingen del av verket er skit. Difor er det uråd å seia at det handlar om «reinleik» eller grenser. Istadenfor tvetydig environment art går miljøet i eitt med verket. Installasjonen går i loop med sitt eige konsept. Når ein ikkje finn spenningar legg verket ein dempar på tolkinga. Verket byr ikkje opp til ein fruktbar resepsjon. Material som er tatt frå det allmenmenneskelege, det som er kjent for alle, som til dømes dorullar, bør kunna få eit breidt mottak av betraktarar, men kva er her å motta? Knarvik har sagt at han har isolert ting og finskore ein idé. Det spørst om han har isolert noko som helst og om han ikkje har koka ned alt til ingenting. I så måte liker eg installasjonen overmåte godt. Kunst som annullerer kunst.