Tøyeleg strikk

Av: Lilly Vinje

Publisert:

Utgave: 7/2007

Del: 

Denne svært gode utstillinga består av strikka installasjonar av ull.

Eit verk syner mange små strikkestykke festa til ei enkel kvit plate med nåler sånn at kvar bit er strekt. Mange liknar på babyklede. Visuelt er det slåande og assosiasjonsframkallande. Plagg og stoff er til for å beskytta hud. Her vert sånne element strekt ut som skinn til testing og preparering. Tankane går og til analyse av insekt. Kanskje vert me her framstilt som metamorfose – person-som-vert-til-insekt. Kva er det me ikler oss, kor stammar tråden frå? Kva tar svigerdotter på seg når ho får ei strikkejakke av svigermor, kva vert barnebarnet påført når det får ullsokkar av bestemor? Tilhørigheit og løfte om å gi noko tilbake? Kunstverket liknar for øvrig skrift sidan delane er strekt ut i teiknliknande formasjonar, utan at det er klart kva som står der – heldigvis. Dette er kunst, ikkje broderi av nissar. Kva om det hadde vore det? Eit framtredande aspekt ved utstillinga er spennet mellom kunst og handverk.
Elles er her omlag like mange hand- som maskinstrikka verk. Tre minnar om klokkestreng ein kan sjå i beste-/oldemorheimar, men motiva hos Robins samanfell med titlane: Do I fit in, I´m so angry og What are you looking at. Ser me på sublimert husmorsinne eller vert me konfrontert med våre klisjéar om kjønna strikk og fordommar om husmødre? Kunstnaren evnar å gjera vesentleg bruk av strikk. Eit tema er til dømes å hemma seg sjølv, eit anna kva andre kan påføra ein. Det kan dreie seg om å verta stempla og lemlesta. Storparten av verka simulerer nemleg menneske- eller kroppsdelar; ein gensar er ikkje ein gensar. Nokre plagg er her som forvridde dødsposisjonar, andre samanvoksne ved halsen, ein vott/hand brent og så vidare. Klede beskyttar ikkje, overført: kroppen er sårbar og utsett.
Hennar prosjekt er vellukka ved at medium og uttrykk utfyller og kommenterer kvarandre.