• Ingebrigt Vik, Ynglingen (1913).
    Støpt bronse (h. 163 cm).
    Foto © Nasjonalmuseet.

INGEBRIGT VIK (1867–1927)

Gratulerer Ingebrigt Vik – me hugsar deg enno.

Av: Lilly Vinje

Publisert:

Utgave: 2/2017

Del: 

I år er det 150 år sidan skulptøren frå Vestlandet vart født.

Takka vera kvammingen har me ein av verdas beste skulpturar midt i Bergen sentrum. Ynglingen (1913), som står i Teaterparken, er nemleg det, denne vare framstillinga av ein mann i emning. At noko lavmælt frå gamledagar kan klara seg i dagens støy, er fint, beroligande så og sei. Ja, den står der som ein samtidsanakronisme.

Men tematikken er sjølvsagt evig, overgangen frå gut til mann. Fysikken er på plass, men sjølvtilliten til å ta plass i verda er kanskje ikkje modna enno. Skal eg drista meg til det, er eg klar, er eg min eigen person, kan eg utgjera noko? Den motivkretsen gjeld jo uavhengig kjønn, men bortsett frå det så får Vik også fram den mjuke sida av maskuliniteten. Det er dessutan berikande tolkingsmessig at den står nær Mor og barn (1907), av Gustav Vigeland, såleis kan ein dikta vidare.

Vik var faktisk med å kjøpa inn Vigeland til Nasjonalgalleriet då han sat i innkjøpskomiteen, men før det hadde dei vore «konkurrentar». Dels har det endt med
at begge vann fram – for me har to verk som minnest matematikaren Niels Henrik Abel. Om Viks vil eg sei som Nina Grieg sa om statua hans av komponisten Edvard, at bilethoggaren viste ektemannen akkurat som han var, og ho skreiv til kunstnaren i Øystese «God Bedring, kjære Ingebrigt Vik, endnu engang Tak for det Værk, som vil bære hans og Deres Navn til kom- mende Slægter.»

Han var dessverre plaga av sjukdom og vart ikkje så gammal. Eg vil sei Vik var på sitt beste når han laga anonyme portrett, skulpturar av ei eller anna jente, ei eller anna gammal dame, ein eller annan unge, ein eller annan kroppsarbeidar. Arbeideren (1901) vart gjennombrotet og kjøpt av statsminister Michelsen. Bra, Christian! I den ser ein også påverkinga frå hans eiga samtid / nær fortid, altså realisme/naturalisme, noko han hadde fått studert for eksempel i Frankrike, som jo var førande i så måte. Han stilte sogar ut i Paris og fekk ærefull omtale.

Klart han skulle få det, han som laga så allmengyldige verk, verk som samstundes er så individuelle, så karakteristiske at betraktaren må føla han kjenner den portrettet er basert på. Modellar var alt frå kvammingar til profesjonelle modellar, alt etter kor han budde. Modellen for Ynglingen var faktisk ein atlet, det var jo nødvendig om ein hadde klassiske tendensar. For øvrig var den den fyrste akten i landet.

Den poetiske framstillinga vart fyrst plassert i ei nisje, men då sa Vik imot i sitt einaste avisinnlegg i livet, og no har me resultatet – me kan beundra skulpturen frå alle kantar. Det heiter seg at god kunst kan tolkast på fleire vis; er det ein martyr, ein framtidig soldat, Ingebrigt sjølv? Den sluttar aldri å fascinera der den står i Teaterparken med den fine patinaen, den er jubilantens hovudverk.

 

Lilly Vinje,
kunsthistorikar