• Fleire større atelierfellesskap i Bergen: Knud Young Lunde (i forgrunnen) er ein av dei nyutdanna kunstnarane som flyttar inn i Bergen Ateliergruppe på Dokken.

    Peder Klasson

Nyetablerte kunstnarar blir i Bergen

Av: Lars Korff Lofthus

Publisert:

Utgave: 4/2009

Del: 

Av 23 ferdige masterstudentar, er det heile 20 som etablerer seg med base i Bergen. Det dukkar opp fleire større atelierfellesskap, og Bergen Kommune har teke eit løft for kunstlivet. Er det berre tiltak frå kommunen, eller også andre grunnar til at så mange ynskjer å bli i Bergen?

17.april opna masterutstillinga til avgangsstudentane ved Kunsthøgskolen i Bergen (KHiB). I etterkant av utstillinga handla presseomtalen i stor grad om at flesteparten av dei nyutdanna kunstnarane etablerer seg i Bergen.
Bergen kommune sine løyvingar til visuell kunst vart sett opp med ei auke på bortimot 50 prosent frå 2007 til 2008. Til saman er målsetjinga at midlane til det profesjonelle kunstlivet skal tredoblast over en periode på ti år. Planen «Kunstbyen Bergen 2008 – 2017» er utarbeidd i dialog med kunstnarar og institusjonar i Bergen.

Nye fellsskap
Bergen Ateliergruppe og Trykkeriet – senter for samtidsgrafikk er to nye tiltak som har motteke omfattande stønad frå kommunen. Asbjørn Hollerud er ein av initiativtakarane bak grafikksenteret, som ikkje berre skal vera ei produsjonseining, men og kunne tilby opphald og fagleg rettleiing for lengre og kortare periodar. Hollerud trur god oversikt kan vera forklaringa på auken i aktivitet:
– Eg trur det generelt er stor vilje til samarbeid i Bergensmiljøet. Det er ikkje så mange spisse albogar. Miljøet er oversiktleg. Ein veit kven som kan kva, og det er berre å ta ein telefon dersom ein treng hjelp. Fort og greit.
Hollerud trur miljøet kjem til å halde på desse eigenskapane sjølv om konkurransen aukar.
Vilde Salhus Røed er ein av kunstnarane bak Bergen Ateliergruppe. Dette er eit nytt verkstadfellesskap for omlag 15 unge profesjonelle kunstnarar. Også dei har fått omfattande stønad både til etablering og drift. Salhus Røed trur kunstplanen har vore viktig, men også ho framhever samarbeidet.
– Det ser ut til at me har fått ein situasjon med rette folk på rett stad til rett tid. Folk er flinke til å bruka kvarandre, også på tvers av fagfelt. Kunstscena i Bergen er foreløpig for liten til å splittast i mindre miljø, noko som både kan vera til fordel og ulempe for det faglege. Det verkar som om det i mindre grad enn tidlegare er viktig å bu og arbeide i Oslo for å lukkast som kunstnar, sjølv om mykje styrast sentralt. Som kunstnar er ein avhengig både av ein lokal kvardag og av internasjonale nettverk. For min egen del har eg gjerne Bergen som base, for så å arbeide utover internasjonalt herifrå.
Likevel er det ikkje slik at det ikkje har vorte satsa i Bergen tidlegare. Allereie i 2002 vart Flaggfabrikken stifta av fotostudentar frå KHiB.
– På den tida flytta dei fleste til Oslo, sier Heidi Nikolaisen. Flaggfabrikken er eit atelierfellesskap som også driv med formidling. Sidan 2005 har dei drifta eit internasjonalt gjesteatelier som er fullfinansiert av Bergen kommune. Nikolaisen har vore med sidan oppstarten, og trur den internasjonale orienteringa i Bergensmiljøet har noko å sei for utviklinga:
– Det handlar om å ta verden inn i Bergen. Me ynskjer å gjera noko aktivt rundt gjestekunstnarane, og har mellom anna eit samarbeid med Galleri 3,14 om visning. Kunstnarane skal gje noko tilbake til det lokale kunstmiljøet. Det er trist dersom Bergen har gjestekunstnarar som berre sit på atelieret, og ikkje er synlege.

Høgare nivå
– Bergen som kunstarena har kome opp på eit nivå som gjer at det er interessant for fleire å vera her, seier Sveinung Unneland.
– Det me treng i Bergen er ei profesjonell scene. Problemet tidligere har vore at ambisjonane har vore låge. Dersom ein ikkje ser på seg sjølv som ein sentral meiningsskapar i det offentlege, så når ein aldri det nivået. Når det faglege nærmer seg nivå på høgde med resten av Skandinavia endrast haldninga, seier Unneland.
Kranglar me for lite?
– I så fall skuldast det mangel på stader å krangle. Det trengs fleire galleri og visningsrom som tør å ta plass i offentligheita, meiner Sveinung Unneland.
– Fleire har lyst å starta visningsstader, og kanskje finanskrisa kan hjelpa med å skaffa billege lokale framover. Den beste måten å synleggjera eigen praksis på er ofte gjennom dei kunstnarstyrte visningsstadene, og slike er det enno altfor få av. Når det er på plass, så kan me heller krangla litt.