• Eirik Lande

Biennale i Bergen 2011?

Av: Lars Korff Lofthus

Publisert:

Utgave: 6/2009

Del: 

Spørsmålet mange sit att med etter ein intensiv biennalekonferanse er: kva skjer no? Fleire uroer seg over det utydelege i korleis debatten skal takast vidare på eit lokalt plan.

– Biennalen skal opp som sak i bystyret, seier Evelyn Holm, rådgjevar i Seksjon for kunst og kultur i Bergen Kommune. – Målet er å få til ein biennale i 2011. Kommunen har søkt om totalt 12 millionar kroner over to år på komande statsbudsjett. Det totale budsjettet er på 20 millionar. I det nye statsbudsjetteforslaget vart det ikkje løyvd pengar til biennalen. Kommunen har derimot fått gode signal om overføringar i regjeringa: «Kultur- og kirkedepartementet er positiv til at en slik festival blir arrangert, og vil komme tilbake til saken i forbindelse med budsjettet for 2011.»

Sjølv har kommunen øyremerka en million i 2009 og tre millionar i 2010, skriv seksjonen i søknaden til Kultur- og kyrkjedepartementet. I den mykje omtala kunstplanen budsjetterer dei med fire millionar frå 2011. Likevel understrekar Holm at det må gjerast eit politisk vedtak, før biennalen kan bli eit faktum. Ho meiner også at dei lokale kreftene må vera med i planlegginga vidare.

Steinar Sekkingstad, kurator ved Bergen Kunsthall, trur neste steg blir å bestemma seg for om ein skal etablera ein biennale i Bergen.

– Dette var jo det overordna temaet for konferansen, og situasjonen er framleis open. Dersom Bergen kommune bestemmer at det neste steget i utviklinga blir å etablere ein biennale, vil det bli heilt avgjerande å bestemma seg for formatet og organisasjonsforma. Bergen Kunsthall sitt bidrag besto i fyrste omgang i å arrangera konferansen. På kva for måte institusjonen vår eventuelt skal bli deltakande i ein komande biennale er også opent per i dag, seier Sekkingstad.

Warloe til Stortinget

Sentral i biennaleplanlegginga er kulturbyråd Henning Warloe (H), og biennalen har blitt omtala som hans beibi. Etter stortingsvalet har Warloe kome inn på stortinget, og forlèt soleis vervet som kulturbyråd i Bergen. Byrådsleiar Monika Meland (H) overtek etter han.

Sekkingstad meiner Meland er ein dyktig politikar og håpar ho vil fylgje opp arbeidet.

– Ho er framleis byrådsleiar, og må no sette seg inn i eit stort kulturfelt i tillegg. Denne dobbeltposisjonen kan ha både positive og negative fylgjer, men eg håpar og trur at Meland vil arbeida for å oppretthalde fokuset på det profesjonelle kunstfeltet i Bergen. Som ein del av dette er biennaleplanane eit heilt sentralt tema som må fylgjast opp.

Evelyn Holm seier at det blir eit sakn at Warloe dreg til Oslo, men ho er ikkje redd for at Monika Meland skal mangla engasjement. – Biennalearbeidet har ikkje berre vore Warloe si sak, og er godt forankra i byrådet. Dessutan kan det vera bra å ha ein mann i Oslo, trur ho.

Rapport

Kunsthallen og kommunen har fått utarbeidd ein rapport som tek for seg ulike aspekt ved eit internasjonalt kunstarrangement. Rapporten er utarbeidd av Petter Snare i Teknisk Industri AS, og den har vore ein sentral del av søknaden til departementet. I oppsummeringa står det mellom anna at «Bergen (har) et fortrinn i det unike samarbeidsmiljøet som finnes mellom de ulike kunstartene i byen. Gjennom å trekke veksler på dette fellesskapet kan man utvikle et konsept som har muligheter til å fremstå som unikt i en stadig større flora av biennaler verden over.»

På lista over ting som veg mot å arrangera ein biennale, er mellom anna den sterke politiske styringa. «Hvis eierskapet til Biennalen blir veldig politisk, dersom det blir en instrumentell sak uten kontakt med det lokale kunstmiljøet, så kan jeg ikke se at det er noen grunn til at vi skal ha en biennale» meiner Sissel Lillebostad, som er ei av fleire som har uttala seg i rapporten. I opningstalen under konferansen, garanterte Warloe derimot at biennalen skal få full kunstnarleg fridom.

Trond Lossius er også ein av dei spurde. Han er alt i alt positiv til biennale, men uttaler i rapporten at «en biennale vil jo nødvendigvis ta penger fra noe annet, (…) og dersom man skal bygge en ny institusjon, så må man vurdere hvordan man gjør det, og forsøke å unngå at det skjer på bekostning av de små kulturaktørene».

Bergen kommune har alt å vinna på å involvera lokale krefter i arbeidet vidare. Berre dersom den lokale forankringa er på plass kan ein dra nytte av det gode samarbeidet som allereie finnast. Det var biennalekonferansen eit godt døme på.