• ABM merker seg at KIK i liten grad lukkast med å ha oppdatert informasjon på nettet, og har no avslutta samarbeidet, sier Kristin Bolgård i ABM.

Kva no, KIK?

Av: Lars Korff Lofthus

Publisert:

Utgave: 2/2010

Del: 

Databasen som Kunstnernes infor- masjonskontor (KIK) baserer søke- funksjonen sin på er under avvik- ling. KIK har fått melding om at dei ikkje får støtte frå Utanriksdeparte- mentet å etablera ny database. Dei fleste i målgruppa til KIK vurderer ikkje KIK som ein relevant plass å få informasjon frå. Kva skal KIK gjera no?

Databasen som KIK-arkivet baserer søkefunksjonen sin på er under avvikling, og KIK har ikkje midlar til å etablere ein ny database. Ketil Nergaard, avtroppande styreleiar, ser to vegar KIK kan gå no. Den eine er å legga ned heile arkivet. Den andre er å vende seg direkte til Kulturdepartementet for å finna ut om dei er villige til å støtta eit arkiv i ny form.
– I dag får me midlar til drift, men det har jo ikkje noko for seg dersom me ikkje har noko å driva, seier han. – Problemet er at KIK og Kulturnett.no baserer seg på den same datainformasjonen, og det er Kulturnett.no som eig databasen. Den naudsynte moderniseringa av arkivet er ein stor eingongskostnad. Fyrst skal me uansett kontakta ABM og få vita i kva for form me overtar arkivet frå Kulturnett.no.
Ansvarleg for Kulturnett.no er Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM-utvikling). ABM er inne i ei omstrukturering og har tenkt å omstrukturera Kulturnett.no slik det er i dag. Dette stadfester Kristin Bolgård i ABM.
– ABM har sett pris på samarbeidet, men merker seg at KIK i liten grad lukkast med å ha oppdatert informasjon på nettet, seier ho.
Ketil Nergaard stadfester at dei har fått eit brev frå ABM der det står at dei ynskjer å avslutta samarbeidet. KIK har søkt om støtte til å utvikla databasen på nytt, uavhengig av ABM. Dei har fått avslag på søknaden.

Lite brukt arkiv
På nettsidene til KIK kan ein lesa at KIK «(…) bistår offentlige instanser, organisasjoner og private som søker etter kunst eller kunstnere til ulike oppdrag». I tillegg gjev KIK ut Norsk Kunstårbok.
Billedkunst tok kontakt med Kunst i Offentlige Rom (KORO) og snakka med Mari Aarre, som er rådgjevar.
– Har du inntrykk av at KORO sine kunstkonsulentar nyttar KIK-arkivet?
– I veldig liten grad. Før internett tok av laga KIK cd-rom med kunstnarinformasjon, og det var viktig å ha tilgang til desse. Men slik opererer ein ikkje lenger. I dag er det som oftast kvar enkelt kunstnar si nettside som gjeld. Det er her ein forventar å få oppdatert informasjon og biletmateriale
– Men kva då med eit arkiv over kunstnarane sine nettsider?
– Eg ser ikkje behovet. Pengane som brukast på dette kunne kome kunstnarane tilgode på andre måtar. Årboka, derimot, tykkjer eg har ein viktig funksjon og eg håpar at den framleis kjem ut. Trude G. Ugelstad i Norske Kunsthåndverkere seier at dei har ei generell formeining om at KIK som arkiv ikkje har klart å fylla oppgåva dei vart sett til.
– Me er usikre på om det er behov for ein slik type arkiv, seier Ugelstad. – KIK må tenka heilt nytt om si eige rolle, dei bør ta fram vedtektene sjå på kva formålet er.

Kven er målgruppa?
Hilde Rognskog, leiar i Norske Billedkunstnere, trur også at KIK må tenka nytt dersom dei skal ha livets rett i framtida.
– Spørsmålet er om KIK har ressursar nok til å vedlikehalda og drifta noko liknande. KIK vart oppretta til å vera eit informasjonskontor, og informasjon er meir enn berre å promotera kunstnarar på nettet. Kan det handla om informasjon mellom brukarar, for eksempel?
– Ei oppgåve kunne jo vera å driva kursing av kunstnarar som vil lage eigne nettsider, seier Nergaard, men meiner likevel at det bør ligga eit brukarstyrt nettarkiv i botn for verksemda. Han meiner det er heilt opplagd at KIK i dag bør fokusera på internett.
Billedkunst snakka med Nergaard hadde dei akkurat hatt styremøte.
– Kva diskuterte de på møtet?
– Fyrst og fremst handla det om å fordøya den nye situasjonen. Me hadde fått såpass mykje positiv tilbakemelding frå ABM under søknadsprosessen at det kom som eit sjokk for oss at dei i staden vel å avslutta samarbeidet. No er me tvungne til å tenka nytt. KIK kan uansett ikkje halde fram med hovudet så vidt over vatnet, slik me har gjort sidan overføringane vart halvert i 2003.
– Fleire av dei me har vore i kontakt med spør seg om ein kan få folk til å oppdatera jamleg. Trur du kunstnarane vil ta ansvar?
– Eg trur kunstnarar vil oppdatera dersom det kjem betre løysingar. Dagens system har ikkje vore vidareutvikla på nærare åtte år, og var heller ikkje optimalt då det kom.
Nergaard stadfester at styret også vurderer om KIK bør leggje ned, men no vil dei fyrst kontakta Kulturdepartementet.
– ABM si avgjersle er, slik me ser det nærast ei nedlegging av KIK og me spør oss om dei har mandat til å gjera dette. Styret vil også involvera fagorganisasjonane som var med på å starta KIK.
– Me vil invitera til ein grunnleggjande diskusjon om kva KIK kan vera. Dersom KIK leggjast ned vil midlane me har til rådigheit gå attende til departementet, seier Nergaard.