• – Eg kan ikkje fatta kvifor ein søkar frå Bergen skal ha så mykje dårlegare utsikter til å ta imot stipend som statistikken syner, seier Tom Kosmo.

    Lars Korff Lofthus

Lettast å få stipend i Oslo

Av: Lars Korff Lofthus

Publisert:

Utgave: 4/2010

Del: 

I år har Oslo-kunstnarar fått 58,7 prosent av stipenda, til tross for at dei berre har 44,4 prosent av søknadene. Kva er årsakene til skeivdelinga? Og er det eit problem?

Ein statistikk som Norske Billedkunstnere (NBK) har laga viser at ein har størst sjanse for å bli tildelt stipend gjennom biletkunstnarane sin stipendkomité dersom ein bur i Oslo. Statistikken ser på kvart fylke og syner at over 30 prosent av søkjarane i Oslo fekk stipend, medan berre 23 prosent av søkjarane i Hordaland vart tildelte. Dersom ein ser på dei store stipenda, er 16 av 19 som vart tildelt garantert minsteinntekt (GI) Oslo-kunstnarar. 13 av 17 arbeidsstipend, og 19 av 28 arbeidsstipend for yngre gikk til Oslo.


Tyngdekraft

Tom Kosmo er biletkunstnar og bur og arbeider i Bergen. Han forstår ikkje kvifor Oslo-kunstnarar får fleire stipend enn kunstnarar i Hordaland og Bergen.

– Kunstmiljøet i Bergen er ekstremt vitalt, samansett og inter-nasjonalt orientert. Eg kan ikkje fatta kvifor ein søkar frå Bergen skal ha så mykje dårlegare utsikter til å ta imot stipend som statistikken syner.

Kosmo er ingen tilhengar av kvotering til distrikta, men trur distansen frå det tette kunstmiljøet i Oslo har mykje av skulda for skeivdelinga.

– Frå tyngdekrafta sitt sentrum i Oslo er resten av landet i ein eller annan grad periferi. Min hypotese er at om kontora til NBK og Kulturrådet vart flytta til dømes til Bergen og Stavanger, ville denne skeivdelinga løysa seg opp. Når Bergen kjem så dårleg ut i statistikken veit eg av eige erfaring at dette ikkje skuldast kvalitetsnivået på korkje enkelt-kunstnarar eller scena i sin heilskap. Det verkar rimeleg å påstå at maktsentrum i Oslo styrkjar sin eigen posisjon med økonomisk støtte. Det blir veldig vanskeleg for stipendkomiteane å forklara ein eventuell kvalitetskonsentrasjon i Oslo-området som rettferdiggjer fordelinga, meiner Kosmo.

– Trur du kunstnarane i dei større byane søker med prosjekt som er meir «riktige» enn elles i landet?

– I så fall må det vera eit resultat av en idé om at eit prosjekt som vert gjennomført i Oslo er viktigare enn eit som er gjennomført i Nord-Trøndelag. Likevel, ein kunstnar i Oslo har jo betre føresetnader til å fylgja med på kva slags prosjekt som faktisk får støtte, enn ein kunstnar som bur i Nord-Trøndelag, trur Kosmo.


Eit særskilt ansvar

Hilde Rognskog, leiar i NBK, meiner at det kviler eit særskilt ansvar på stipendkomiteen og at den i større grad må vera merksam på fordelings-problematikken i stipendhand-saminga.

– Spesielt er det naudsynt å diskutera omgrepet «kunstnarleg kvalitet», og stipendkomiteen bør ha ein medviten refleksjon rundt dei mekanismane som finnast i kunstfeltet. Det bør ikkje vera ein motsetning mellom å fordela jamnt utover og kvalitet, seier ho. Rognskog trur også at det å vera synleg har mykje på sei. Ho er ikkje sikker på at kunstnarane i Oslo er flinkare enn dei i andre delar av landet, men ho ynskjer diskusjonen velkomen. I høve til NBK sin politikk, er det ei uttalt målsetjing at det bør vera ei god spreiing av stipendmottakarar over heile landet fordi kunstnarleg kvalitet ikkje nødvendigvis er knytt til geografisk tilhøyre. NBK arbeider med fleire tiltak som Rognskog meiner er nyttige:

– For det fyrste held me på med ei utgreiing av stipendordninga, kor alle område vert vurderte. Fordeling av stipend er eit ledd i dette. Utgreiinga skal til høyring i distriktsorganisasjonane til hausten. For det andre arbeider me aktivt opp mot kulturpolitikken i distrikta. Vi må styrke distriktsorganisasjonane slik at dei kan påverka kunstnarsentra til å holda fast ved det kunstnarstyrte prinsippet. Formidling og synleg-gjering av medlemsmasse er ei viktig oppgåve som ikkje må gløymast.


Kvalitet, ikkje geografi

Anders Smebye er leiar i stipendkomiteen og seier at komiteen sitt mandat har vore å støtta kvalitet. Han meiner at å sjå stipendtildelinga i ein «by og land»-samanheng ikkje er særleg interessant.

– Instruksen og mandatet til stipendkomiteen er å vurdera søknadar utelukkande på grunnlag av kunstnarleg kvalitet. Ikkje i høve til geografisk plassering, kjønnskvotering eller med ein politisk agenda frå vår eigen fagorganisasjon, seier Smebye.

– Mesteparten av Oslo-kunstnarane er innflyttarar uansett, seier han. Utover dette ynskjer han ikkje å kommentera resultatet eller svara på spørsmål.