• Stemingsbilde fra Residence i Bangalore, India, november 2009. Foto: Unni Gjertsen

Reise ut av landet

Av: Lars Korff Lofthus

Publisert:

Utgave: 1/2011

Del: 

Det er ei trend å reisa på arbeidsopphald, og dei siste åra har talet på residencies auka kraftig. Billedkunst har kontakta kunstnarar som har vore på fleire residencies. Kva erfaringar har dei gjort seg?

«Residencekunstnar» er eit relativt nytt ord som skildrar dei som har gjort det til ein profesjon å leva av og i residencesystemet. Merete Røstad er billedkunstnar med erfaring frå både Noreg, England og Tyskland og deler tida si mellom Elverum og Berlin. I 2010 deltok ho på «Polart», ein residence i form av eit forskartokt med påfylgjande utstilling i Tromsø Kunstforening.

Enklare å reisa

– Kvifor har residencies blitt ein så sentral del av kunstpraksis idag?
– Ein har behov for nye impulsar og eit større kontaktnett. Og så kan det væra eit karrieretrekk, spesielt når ein kjem frå eit lite land som Noreg. Eigentleg har ordninga eksistert gjennom heile kunsthistoria, seier Røstad.

Andreas Siqueland er eine halvdel av aiPotu, ein duo som har gjort ulike reiserelaterte prosjekt sidan 2004. Opphalda har han søkt for undersøke ulike ting knytta til dei ulike stadene. Han har også blitt invitert til fleire residencies, seinast til prestisjetunge Fogo Island på nordaustkysten av Newfoundland i 2012. Han trur det fyrst og fremst handlar om generelle endringar i samfunnet:

– Me lev i ei verd kor det er blitt enklare og billigare å reisa. Det gjer at me forflyttar oss oftare. Kunstnaropphald i likskap med internasjonale utstillingar, biennalar, kunstmesser og så bortetter har blitt eit virkemiddel for å framheva ein stad og leggje til rette møte mellom ulike kunstnarar frå ulike land. Dagens kunstnarar held seg i større grad til ein internasjonal kontekst og residensprogramma mogleggjer dette, seier Siqueland.

Unni Gjertsen er billedkunstnar og nettopp komen heim etter å ha opna utstilling i Bangalore i India. Her var ho på residence i november i fjor, med stønad frå OCA. Vendepunktet for henne var ein residence hjå i Stockholm i 2006. Også ho meiner at kontaktnettet er noko av det viktigaste.

– Ein annan fordel er muligheita til å søke saman med partnarar ein har samarbeidsprosjekt med. Om ein ikkje bur i same by er det fint å kunna treffast ein annan stad.

Arild H. Eriksen, direktør på Nordisk Kunstarsenter Dalsåsen (NKD), trur svaret fyrst og fremst ligg på tilbudsida.

– Talet på residencies har vakse med eksplosiv kraft dei seinaste åra. Samstundes har den generelle mobiliteten også auka som eit resultat av ulike økonomiske utviklingstilhøve, særleg i den vestlige geosfæra. Og kunstnarane har, som del av si utvikling og danning ein lang tradisjon for å reisa. Me skal heller ikkje sjå bort ifrå at eit residenceopphald, særleg for kunstnarar i etableringsfasen, representerer både hus, mat og 100 prosent konsentrasjon om det kunstnarlege arbeidet, seier Eriksen.

– Kven passar residencies for?
– Det er ei klar overvekt av kunstnarar fødd rundt 1980 blant residencekunstnarane. Dette kan skuldast at dei fleste residencestadene har en svak økonomi og difor ikkje kan imøtekome dei økonomiske behova for støtte som meir etablerte og eldre kunstnarar gjerne har, seier Eriksen.

Merete Røstad samtykkjer.

– Det er ei aldersgreie. Mange residencies bør ein få unnagjort før ein er 30. Ein kan bli lei av å leva i ein koffert. Og det er lettare om ein er singel. Dei færraste ordningane er barne- og familievenlege, og mange stader vil berre ha ein kunstnar.

Gjertsen meinar det ikkje alltid er like aktuelt når ein blir eldre:

– Dersom ein skal oppretthalde profesjonalitet i residenceprogramma, burde det også vera aktuelt for folk med familie.

Ho har sjølv familie som har stilt opp, noko som har gjort det mogleg for henne å delta i prestisjetunge arbeidsopphald.

– Erfarne kunstnarar kan ofte i større grad enn dei uetablerte utnytta dei arbeids- og konsentrasjonsmoglegheitene eit residenceopphald kan gje, seier Eriksen.

Ulemper

– Dersom butilhøvet er vanskeleg kan dette ta mykje energi frå det ein ynskjer å laga, seier Siqueland.

– Det kjem også an på kven ein møter og om ein kjem godt overeins med dei ein er ilag med. Det er vertsinstitusjonen si oppgåve å visa dei nye rundt på stader og nokon gonger sviktar det litt med tid og ressursar på denne biten. Eit anna problem som ofte dukkar opp er korleis ein skal få frakta det ein produserer heim. Det kan vera smart å tenka på logistikken før ein set igang med alt for store prosjekt, seier Siqueland.

– Ein kan bli einsam og isolert. Du må ha internett for å kunne halde kontakten med omverda, seier Merete Røstad.

– Eg var på ein residence i Tyskland der det ikkje var internett. Det var einsamt når ein var langt frå «sivilisasjonen» over lengre tid. Eit anna problem kan vera at prosjektet ein søker med kanskje ikkje er like aktuelt når dei endeleg skal dra dit.

I India møtte Unni Gjertsen ein nokså annleis tidsrekning:

– Eg skulle få fire assistentar med meg til å mala tekst på ein stor vegg. Men så viste det seg at assistentane berre ville gjera det som var reint kunstnarleg, altså ikkje vera med å førebu veggen til maling og liknande. Det var det nokon andre assistentar som skulle gjera. Det er overraskande kva folk kan hjelpa deg med og ikkje.

Røstad trur ein må innsjå at ting tar tid:

– Ein har ikkje bil og ein må spyrje om hjelp heile tida. Det er uansett ein fordel å kunne språket og vera klar over kulturskilnadene på den plassen ein vitjar.

Arbeider annleis

– Arbeider ein annleis når ein er på residence?
– Ja, eg trur staden har veldig mykje å seie for kva ein lagar. Sidan eg har reist mykje har eg blitt veldig oppteken av nettopp tilhøvet mellom kvar ein er, kva ein er og gjer. Residensprogram mogleggjer eit brot med noko kjent. For meg handlar det om å setje seg inn i omgjevnadene og ting som ein reknar som sjølvsagt når ein er heime. Merksemda i høve til eigen produksjon skjerpast og ein slepp å forhalde seg til mange daglege problemstillingar og fokuserer meir på sjølve arbeidet, seier Siqueland.

Også Gjertsen har jobba med ting som handlar om reise og ho har ikkje måtta omskapa seg for å passa inn i residence-kjøret.

– Det eg gjer kan kallast research og difor er det meiningsfullt for meg å reisa med arbeidet. Det er ikkje slik at eg berre flyttar det daglege virke rundt i hytt og pine.

Eriksen ser at det å væra «på besøk» gjev den enkelte moglegheiter til i større grad enn heime å via seg fullt og heilt til arbeidet; frukost, middag, kveld og natt.

– Likevel er det nok ikkje alltid ein residence gjev seg utslag i betre arbeid. For enkelte kan «fridomen» dette gjev verka oppmodande, på andre nærast lammande. Når den disponible arbeidstida er begrensa, slik den ofte er heime, utnyttar ein ofte potensialet betre innanfor stramme rammer med kvardagslege krav og gjeremål, seier Eriksen.

Røstad meiner at å oppretta ein gjestekunstnarording er noko alle kan gjera.

– Me har eit ekstra rom i leilegheita. Det kunne me i teorien gjera om til ein residence for venner eller venners venner, kunstnarar, teoretikarar eller kuratorar som me ynskjer kontakt med. Slik kan ein få heile verda inn på kjøkenet.