Ein tilfeldig koreografi

Av: Rasmus Hungnes

Publisert:

Utgave: 2/2013

Del: 

Rosa Barba, «Time as Perspective – Chapter 2», Bergen Kunsthall

Eit av dei første arbeida ein møter, dersom ein går inn hovudinngangen og ikkje snik seg inn på anna vis, er ei skrivemaskin som automatisk tastar ut djupsindige funderingar på ein filmrull. Den ferdigskrivne filmrullen legg seg i ein rotete kveil på golvet, berre regjert av fysikken si lovgiving. Denne floka minner om Robert Morris og hans verk Untitled (Pink Felt) frå 1970, som blir produsert med tyngdekrafta som assistent. Mot slutten av 60-talet gjekk Morris bort frå minimalismen sitt rigide formspråk, og allierte seg med Hesse og Oldenburg, som jobba med mindre kontrollerbare materialar, til dømes gummi og tekstil.

Det ukontrollerte står sentralt i alle arbeida og i korleis dei vises. Filminstallasjonen A Private Tableaux – for dette er ikkje berre ein film, bruken av rommet er óg viktig hos Barba – fortel eit semifantastisk narrativ om eit moderne holemaleri som har oppstått av reint praktiske grunnar, styrt av andre krefter enn «kunstnarane» (London-undergrunnen sine ingeniørar) si vilje, og får i samspel med filmen sine filosofiske fabuleringar ein mytologisk aura. Verket minner om det historiefaglege faktum at ein alltid må hugse på å ikkje gløyme at historie(r) er konstruert(e), og ikkje naudsynt representerer heile sanninga.

Frå A Private Tableaux har ein fritt innsyn gjennom alle dei tre øvrige salane, heilt inn til tittelarbeidet. Brorparten av dette er filma frå helikopter over eit ørkenlandskap i Texas, og syner ein skog av oljepumper som voggar frå side til side i ymse tempo. Framom denne store projeksjonen står ein park av kinetiske skulpturar. Desse vaggar rytmisk og minner om måleverkty, til dømes metronomar. Mellom skulpturane og filmen ruvar ein glasvegg som fungerer som spegel sidan utstillinga berre er opplyst av arbeida sjølve. Refleksjonen av skulpturane synast på eit nivå forbi lerretet, og skapar ein imponerande djupneeffekt. Slik knytast utstillinga saman visuelt, og den tilfeldige koreografien som gjeng føre seg, vert understreka.

Medan utstillinga har eit poetisk alvor over seg, er mange av verka på same tid prega av eit komisk element. Dette er ikkje ein reduksjon, for det er mogeleg å utøve humor og alvor på same tid, og humor er noko av det alvorlegaste som finst. Eit døme på dette komiske finst i Stating the Real Sublime, ein filmframvisar som heng i taket frå loopen han sjølv synar fram. I løpet av utstillinga blir den i utgangspunktet blanke filmen skada og prega som følgje av friksjon og støv, og projeksjonen endrar seg. Når filmskøyten med jamne mellomrom rullar gjennom spolane, hoppar den tunge projektoren lett komisk, som Mr. Hiccup.

Barba behandlar verka sine som protagonistar eller agentar. Den franske filosofen Henri Bergson seier i Latteren at det komiske ikkje eksisterer utanfor det menneskelege. Det er nettopp dei arbeida med størst «personlegdom» som står fram som komiske.

Barbas prosjekt inkluderer ein prolog i Paris og eit «kapittel 1» i Zürich. I grunn er dette ganske irrelevant for dei som ser utstillinga, sidan dei færraste har sett dei første delane. Prosessen har likevel effekt på resultatet, og kven er det som har sagt at ei bok må lesast frå perm til perm? Ok, mange har sagt det, men ein må jo ikkje det.