Menneske i rom

Av: Synnøve Engevik

Publisert:

Utgave: 7/2005

Del: 

Det vesle glashuset Åpenrommet lyser opp omgivnadane og er eit blikkfang i vintermørket. Inne venta Berlin release – eit prosjekt av to arkitektar som ikkje omhandlar arkitektur, men tomrommet mellom arkitektoniske strukturar.

Langs elva Spree er det rom og tomrom. Men det som er iferd med å skje, er at styresmaktene sel unna fellesareal med stort rekreasjonspotensial. Kommersielle aktørar erstattar alternative buformer, marknadar og midlertidige uteserveringar. Bliem og Selmer hyller tomrommet sin fragmentariske karakter, samt det humane og urbane potensialet der.
Enkle og billige grep er projisert via manipulerte foto. Ein badeball i eit bybilete – den betra vasskvaliteten i Spree var utgangspunkt for ein lek med ideen om elvebanken som badeplass. Å islegge ein lekter som ligg i elva, og slik danne ein arena for curling, er eit anna døme på det.
Frå min ståstad, peikar prosjektet i retning av poststrukturalistisk tenking. Dei to arkitektane problematiserar til dømes dikotomien private og offentlege rom. Dei offentlege operomma i Berlin er lite tilgjengelege slik stoda er i dag, men vil paradoksalt nok bli det gjennom ei privatisering. Slik bryt den binære opposisjonen i hop. «Berlin release» handlar ikkje om å fylle tomrom, men om å realisere sosiale bruksverdiar.
Tematikken vakte interesse og engasjement, men utstillinga hadde eit svært dokumentarisk preg. Eg etterlyste lenge dei kunstnariske inngrepa – installasjonane eg hadde vorte lova. Alt var pent og pynteleg arrangert, men visjonar og eventuelle reaksjonar var dårleg visualisert, og kunne vore meir direkte og nærare kommunisert.