Domen som prosess

Av: Synnøve Engevik

Publisert:

Utgave: 5/2006

Del: 

Stadsspesifikke særtrekk står sentralt i den filmatiske utsmykkinga Casting the Shadows i det nye besøkssenteret ved Nidarosdomen. Kunstnaren Inger Lise Hansen har med utgangspunkt i det temporale, portrettert materielle og immaterielle kvalitetar ved det historiske anlegget langs Nidelven.

Filmen som heilskap fungerar som ei rammeforteljing kring ein forvitra mellomalderskulptur i kyrkja – ein konsoll med eit framheva ansikt. Hansen har reversert skapinga av ein kopi; ansiktet går gradvis i oppløysing. Verket opnar og sluttar i ein roleg rytme, med fjernbilete av fasaden.
I starten dominerar mystiske og poetiske undertonar: stein, skuggespel, skumring. Erosjonen representerar eit klimaks som Hansen bygger opp mot ved hjelp av eit audiovisuelt brot – støy, hyppige klipp og brutale kamerarørsler. Slutten dokumenterar Vestfronten gjennom froskeperspektiv og glidande panorama, med klokkeklang og klåre kontrastar.
Casting the Shadows tematiserar Nidarosdomen som stødig og skjør på same tid. Tid er eit stikkord. Alt er endring og prosess, i tid og rom. Til og med kulturelle høgdepunkt, som det portrettert her, er underlagt universelle naturlovar. Slik sett er natur kultur, og kultur natur.
Besøkssenteret er oppført på nordsida av Vestfrontplassen, i eit klassisk, men modernistisk formspråk, og harmoniserar godt med dei allereie eksisterande og dominerande arkitektoniske strukturane kring. Verket vert syna i ein krok oppe på mezzaninen i den transparente besøkshallen, og er dermed ikkje umiddelbart synleg. Men for interesserte gir Casting the Shadows katedralopplevinga ein ny dimensjon.