Smertefri kobling

Av: Synnøve Engevik

Publisert:

Utgave: 1/2006

Del: 

Over åtte millionar kroner er brukt på å utsmykke to av i alt sju nye sjukehussenter ved St. Olavs Hospital. Den fyrste byggfasen er over no i februar, og det er på tide med eit nærare blikk inn.

Då Laboratoriesenteret og Kvinne-barn-senteret, begge nybygg på nærare 30 000 kvadratmeter, rommar store mengder kunst, har eg i denne meldinga valt å konsentrere meg om forholdet mellom utsmykkinga og arkitekturen.
Sjukehusutsmykking er generelt, på grunn av kontekst, eit nedtona og lite kontroversielt kunstfelt. Av omsyn til pasientar og pårørande med ulike behov, får kunsten ein slags bruksfunksjon. Dei to sentra har ulike funksjonar. Laboratoriesenteret er eit forskings- og studiesenter som i hovudsak er nytta av studentar, medan Kvinne-barn-senteret er eit behandlingssenter der brukarar primært er pasientar. På bakgrunn av dei ulike bruksområda og brukargruppene, forventa eg at utsmykkinga på Kvinne-barn-senteret var stillferdig og tradisjonell, medan han i Laboratoriesenteret var litt meir utfordrande og eksperimentell.
St. Olavs Hospital er ikkje ein arena for autonom kunst. Med unntak av nokre innkjøp, har kunstnarar jobba på oppdrag og tatt utgangspunkt i den konkrete situasjonen og funksjonen. Kunsten er stimulerande og inspirerande, og gir energi til passerande. Hovudkunstverka er plassert langs kommunikasjonskanalar eller større opne rom og ventesoner. I tillegg til dette er det eit verk ved kvar sengepost eller arbeidsstasjon, og eit mindre på kvart enkelt pasientrom. Slik har ein ei relativt demokratisk deling av kunsten.
Termen integrering er sentral i samband med diskusjonen kring relasjonen utsmykking og arkitektur. Integrert kunst er stadstilpassa kunst. Eit godt døme her er Edith Lundebrekke sine bidrag, som er gjort på oppdrag. I hennar handtering av auditoriet i Kvinne-barn-senteret glir arkitektur over i kunst, og kunst over i arkitektur. Ho har skapa ei lun romoppleving ved å måle eit mønster på veggene som er dekka med trespiler - eit subtilt og enkelt, men effektfullt grep. Andre døme er gulvmosaikken hennar i Laboratoriesenteret som strekker seg frå inngangspartiet gjennom vestibylen til atriet midt i kvartalsstrukturen, og eit relieff i teglsteinsveggen i same rom. Begge verka er med på å skape ein særeigen stadskarakter og eit utgangspunkt for identifikasjon, noko som i mine auge er ein sentral utsmykkingsfunksjon. Utan å gå nærare inn på det, må eg nemne at kapellet til Kathrine Skavlan og Kristine Hjertholm utgjer klimakset innan denne integrerte kunstkategorien. Dette er nærast eit Gesamtkunstwerk i Richard Wagner si ånd, då arkitektur og utsmykking arbeidar saman mot eit felles mål.
Trass i at kunsten er gjort på oppdrag, har kunstnarane hatt fridom i høve til utføringa, og slik bevara sitt særpreg. Per Formo, Karin Lindell, Elise Storsveen og Josefine Lyche har med sine særeigne signaturar stått for sengepost-utsmykkinga. Her utmerka Lindell og Lyche seg spesielt. Lindell med ein serie silketrykk på herda glas namngitt Kvinneliv. Og Lyche med nonfigurative og ekspressive måleri. Begge har tatt utgangspunkt i fargesettinga på kvar stasjon, noko som skapar ein god kommunikasjon mellom kunst- og byggverk. Men samanlikna med dei eksplisitt integrerte elementa ber denne biletkunsten litt preg av å vera hengt på, sånn etterpå. Eg opplevde silketrykka som veldimensjonerte og måleria som overproporsjonerte i høve til korridoren der dei hang. Effekten blir at sengeposten på barselavdelinga, trass i å vera romsleg, nesten verkar trong. I Laboratoriesenteret har det oppstått eit problem i samband med utsmykkinga av ein trappeoppgong. Årsaka er i grunn at arkitekturen ikkje innfrir behova til brukaren. Desse trafikkerte sonene blir – slik stoa er no, nytta som lager for diverse, som skuggar for og skadar den emaljelakkerte biletkunsten til Kim Hiorthøy.
Dei store fotografia til Mikkel McAlinden, som er inn-kjøp, er plassert i eit luftig rom i ein kommunikasjonskanal av tilsvarande stort format. Everything, now, at once (2004), Hans og Grete (2002) og Fluen (2000) har alle mektige motiv frå naturen. På same vegg er det eit stort vindauge – ei ramme om motivet på utsida. Fotokunsten, og plasseringa den har fått, gjer ein merksam på utsynet, og bidrar slik til å heve arkitekturen til byggekunst. Sjølv om fotografia til McAlinden ikkje er ei bestilling, er lyset, strukturen, fargebruken og dimensjonane i dei med på å kontrastere og aksentuere trekk ved arkitekturen, og omvendt. Eit anna innkjøp som eg ynskjer å trekke fram er perledokkene eller dyra, laga av handikappa i Sør-Afrika, som dekorerar pasientromma på barneavdelinga. Figurane er individuelle for kvart rom, og kan slik vera med på å danne grunnlag for identifikasjon. Romma vart dessutan rika av handverket sin tredimensjonale karakter.
Som de ser er her ulike grader av og former for samhandling. Kunsten som primært kan karakteriserast som integrert, utgjer ein material- og konstruksjonsmessig einskap med arkitekturen. Biletkunsten som er gjort på oppdrag, er tilpassa i farge og tematikk. I innkjøpa har konsulentar stått for samanslåinga. Kunstutvalet, og plasseringa av det, er gjort ut frå form og funksjon i kvart enkelt rom. Innan alle tre kategoriane har fusjonen fungert. Sjølvsagt i varierande grad, men i hovuddrag gir utsmykkinga rom for arkitekturen, og arkitekturen rom for utsmykkinga.
Den litt meir utfordrande og eksperimentelle kunsten som eg hadde håpa på i Laboratoriesenteret dukka ikkje opp, men byggekunsten her derimot, inviterar titt og ofte til ein stopp. Dramatiske dimensjonar, dristige materialval og ein varm og variert fargebruk i samspel med utsmykkinga, skapar ein heilskap som er større enn summen av delane.