Heimen som open struktur

Av: Synnøve Engevik

Publisert:

Utgave: 1/2006

Del: 

Utstillinga syner to modellar av to ulike hus. Ei hekla drabantbyblokk frå Haugenstua burettslag og eit våningshus i betong frå ein slektsgard i Trøndelag.Teknikk- og materialvala i modellane utfordrar våre fordommar, og undergrev ein kulturelt rangert dikotomi.

Dei to ulike buformene er òg representert på kvart sitt filmlerret. Ved hjelp av eit handhaldt kamera blir fem blokkbustadar og fire landlege husvære presentert. Her er ingen menneske, berre spor etter dei – ærleg og usensurert. Kamera rører seg roleg rundt i dei rotete romma og dannar nære, stille og litt sære portrett av ulike buforhold.
På bakgrunn av innreiinga dannar ein seg tankar om menneska som bur der. Men kan ein verkeleg det? I fylgje kultursosiologen Pierre Bourdieu er svaret ja. I Distinksjonen skriv han at smaken er eit resultat av vår individuelle sosiokulturelle ståstad. Medan utsynet frå gardshusa utgjer nasjonalromantiske naturscenar, ligg blokka i eit monotont asfaltert landskap. Men mellom betongblokkene ser ein barn som spelar fotball – drabantbybiletet er ikkje einsidig grått.
Mangfaldet i bustadsportretta, blant dei i byen og dei på bygda, vitnar om at det ikkje eksisterar ein markant skilnad mellom menneske eller liv, her eller der. Slik sett vel eg å tolke utstillinga som eit alternativ til Bourdieu si kategoriske og hierarkiske tenking: Heimen er ein open struktur.
Utstillinga fall i smak, og det særleg av tematiske årsaker. Amlien og Eines peikar, på same vis som fenomenologisk filosofi, i retning av at den menneskelege eksistens ikkje er abstrakt, men har røter i det konkrete og kvardagslege. Utstillinga kommenterar, på eit presist og ujålete vis, ei røynd. Og er herleg lite sjølvrefleksiv.